Lyden av Aurora / Sound of the Aurora (2014)

Traumer frå krigen

Lyden av Aurora er ei forteljing basert på intervju med mi mors eldste søster, tante Astrid. Den skildrar ein liten episode frå barndomsheimen hennar då ho var tretten år. Ein liten hendelse som gjorde stort inntrykk på ho. Teikneserien tar for seg vonde kjensler og hat knytta til andre verdskrig, men også tilgivelse. Kva opplevde foreldrene under krigen? Foreldra til Astrid snakkar aldri om den vonde tida, kjenslene deira er eit innestengt mørke som av og til boblar fram til overflata. Alt ho veit om krigen og foreldra, har ho tjuvlytta seg til.

Ei teikneserieframsyning

Lyden av Aurora var mi fyrste teikneserieframsyning, utvikla medan eg forska på digitale teikneserier i mitt stipendiat på Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design (KMD). Å framføre teikneseriar var ikkje kjent for meg før eg dykka meir inn i laterna magica-tradisjonen. Dette er ein 400 år gamal fortellarkunst med malte lysbilder presentert med projektor. Tradisjonen vert ikkje referert til i tekneseriehistorie, kanskje fordi det er skjermbasert og ikkje trykk, men eg vil hevde at forstadiet til teikneseriestripa finn ein her, og mange av forteljingane har eit sekvensielt teikneserieformspråk.

Lyden av Aurora var difor i grunn fyrst berre eit lite eksperiment. Den er 25 min lang og premiereren i 2014 hadde musikarane frå 1982, Øyvind Skarbø, Sigbjørn Apeland og Nils Økland til å spele lydsporet under framsyninga. Eg har sidan hatt mange visningar av denne forteljinga i Bergensområdet, men også i Stord, Oslo, Bejing og Shanghai.

Adapsjon

Eg jobbar med ei nettbrett-utgåve av teikneserien slik at den vert meir tilgjengeleg utover framføringane. Formatet vert likt Nær, Nærare, Nærast. Teikneserien har alltid vore i utvikling, kvar framsyning har vore litt forskjellig, og denne lesebrett-utgåva vil også vere litt anleis enn nokon av dei tidlegare framsyningane.

Traumas from the war

Sound of the Aurora is a story based on an interview I had with mom’s oldest sister, aunt Astrid. It’s about a small episode at her children’s home when she was thirteen years old. A small incident that made a huge impression on her. The comic describes hard and dark feelings in connection to World War 2, but also forgiveness. What did her parents experience during the war? They never speak of the war. It’s only the suppressed feelings that sometimes get to the surface. Everything Astrid knows of the war, she has eavesdropped.

A comic performance

This is my first original performance comic, made during my artistic reseach at the University of Bergen, Faculty of Art, Music and Design. To perform a comic, was not an artform I was aware of before I read more about the laterna magica tradition.

which is a performance with hand painted slideshows, narration and also music, very poular in the 16th and 17th century. A 400 old format. Comic history does not draw paralell to this tradition, maybe because its screen-based and not print, but I will claim that they sho the proto comic strip and also many of the longer stories are sequential art.

Sound of the Aurora was first intended as a small experiment. It’s a 25 minutes long performance and the premiere in 2014 had the musicians from 1982, Øyvind Skarbø, Sigbjørn Apeland and Nils Økland making the live soundtrack. Since that I‘ve had many screenings in the Bergen area, but also Oslo, Stord, Beijing, and Shanghai.

Adaption

Im making an tablet edition to make it more approachable. The format will be similar to Close, Closer, Closest. The comic has always been in evolution, every performance have been slightly different. This tablet edition will also differ a bit from many of the earlier performances.

Foto: Ben Speck

Foto: Ben Speck

Music: 1982

Previous
Previous

Close Closer Closest (2017)