Fredrik Rysjedal (2020), Photo: Klara Sofie Ludvigsen
Om Fredrik Rysjedal (English further down)
Teikneserieskapar (f. 1980) frå Leirvik i Sogn, bur og jobbar i Bergen.
Eg er ein teikneserieskapar som jobbar mykje med sjølvpublisering og digitale teikneseriar. Sjølvpublisering er knytt opp mot kunstnerboktradisjonen der eg trykker og binder heftene mine sjølv. Når det kjem til digitale teikneseriar er det et fagfelt eg har doktorgrad i og eg likar å utforske formata. I 2017 publiserte eg den interaktive teikneserien Nær, Nærare Nærast og jobbar for tida med min neste digitale publikasjon som vil heite Adjø Tulli. Eg har også ein pågåande nett-teikneserie laga i sveipeformat som er utforma for å lesast på mobil. Plastikkbarna er ein teikneserie for born i alderen 8–12 og handlar om problema rundt plastforrureining.
Eg jobbar for tida parallelt med 4 ulike teikneserieprosjekt. Adjø Tulli er hovudprosjektet og er eit portrett av etterkrigstida og handlar om ein av Noregs fyrste velukka hjarteoperasjonar. Plastikkbarna er ein episodisk teikneserie som kjem ut med jamne mellomrom. Den raude steinen er mitt neste sjølvpubliserte og risotrykte teikneseerie album med mål om publisering i 2025/26. Tankeringen er eit nyleg gjenopptatt fantasy-prosjekt eg starta å skape saman med Rolf Losnegård. Dette er også eit ambisiøst prosjekt av litt større karakter som vil ta år å teikne. Om du er interessert i å sjå desse prosjekta så publiserer eg arbeid undervegs på Patreon sida mi. Dette er ei abonnementsordning for dei som er nysgerrige på arbeidet eller som ynskjer å støtte arbeidet mitt. På denne sida får du sjå teikeseriesider lenge før dei får sjå dagens lys.
Fram til no er dette høgdepunkta i min bibliografi:
Krampe (2024), teikneserieabum, stensiltrykk (Riso)
Plastikkbarna (2021 <), nett-teikneserie
Elsewhere (2019), Kinakål forlag, teikenseriebok
Nær, nærare, nærast (2017), interaktiv teikneserie
Lyden av Aurora (2014), ei teikneserieframsyning
Eg har ein doktorgrad frå Universitetet i Bergen, Fakultetet for kunst, musikk og design, der det kunstnariske utviklingsprosjektet mitt forska på bruken av levande bileter i digitale teikneseriar. Du kan lese heile prosjektet på Researchcatalogue.net. Prosjektet kommenterer også det digitale teikneserieformatet og avhandlinga heiter Frozen Moments in Motion.
Eg har også ein scenisk praksis i at eg les teikneseriane mine høgt for publikum. Dette har eg praktisert sidan 2013 og teikneseriane eg har framført mest er Lyden av Aurora og Nær, nærare, nærast. Eg jobbar no med ein scenisk versjon av Krampe.
Sidan eg har jobba med sjølvpublisering og kunstnarbøker så har eg og engasjert meg mykje i dette miljøet. Eg har vore med å starta og sit i styret til Pamflett. Pamflett er ein sjølvpubliseringsverkstad med spesialisering på stensiltrykk med Riso-maskiner. Pamflett er også arrangør av nordens største kunstnerbokfestival Bergen Art Book Fair, som har vore eit årleg arrangement sidan 2013.
Eg er også redaktør for Tegnerforbundet sitt magasin om teiknekunst, illustrasjon og bokkunst: Numer.
Eg har trappa ned tilstedeverelsen på Meta sine plattformer og du kan følge meg i desse kanalane: Patreon.com, Blue Sky, og ikkje minst nyhetsbrevet mitt!
Organisasjonsnummer: 982 587 301
E-post
post[at]fredrikrysjedal.no
About Fredrik Rysjedal
Norwegian comic artist, and illustrator (1980) from Leirvik in Sogn, live and work in Bergen(Norway).
I’m an indipendent comic artist that focus on self publication and performative comic art. I make both documentary and fictional works, but I also enjoy making alternative/experimental comics in addition to traditional narratives. I have a Patreon page, where you can join my community to follow my work, at a later stage I will also launch reading subscriptions on Plastikkbarna / Plastic Kids and the rest of my comic archive. At my YouTube-channel I publish behind the panels movies and shorts about my practice.
Highlights in my comicography are:
Krampe (2023), zine/artsits book
Plastikkbarna (2021 <), webcomic
Elsewhere (2019), Kinakål forlag, book
Close, Closer, Closest (2017), interactive comic
Sound of the Aurora (2014), a performance comic
I have a phd in design at University of Bergen, Faculty of Fine Art, Music and Design, where I have made an artistic research into the use of the moving image in digital comics. You can read the whole project at Researchcatalogue.net. The project also comments and describes the digital comic format in general, so if you are curious on how digital comics works, you can read my take on it in my critical reflection which is called Frozen Moments in Motion.
Comic performance is a comic form I have practised since 2013. In a comic performance I’m screening my comics live while I read them. The shows are performed together with musicians. Titles that I perform are Sound of the Aurora and Close, Closer, Closest.
I’m also into print making and self publishing. I make fanzines, artist books and single prints, printed in limited editions. I co-run a space inBergen called Pamflett. Pamflett is a workshop for selfpublication, but also creates events that promotes artist books. At our workshop we have a Riso-printer and we can offer equipment for binding booklets and books. Pamflett’s most important event is Bergen Art Book Fair, which has been an annual international event since 2013.
I am also the current editor of Numer, a printed and online magazine about the visual art of drawing, published by Tegnerforbundet.
I also teach illustration and comic creation as extern teacher at institutions as KMD at the University in Bergen, and USN.
If you are interested in my process, or even interested in seeing content and sketches before it’s released, its possible to become a patreon at Patreon.com.
Organisation number: 982 587 301
E-mail
post[at]fredrikrysjedal.no
Numer
numer[at]tegnerforbundet.no
A slow self presentation
A short Norwegian self presentation video made for the launch of the book Elsewhere on Kinakaal forlag. The book was a cooperation with the Chinese comic artist Anusman. See both presentations here with English and Chinese subtitles.